stall Løken
– stall og Aktivitetsgard
Ta del i kvardagslivet på ein gard og bli kjend med dyra!
velkomen til oss
Ved Stall Løken – Stall og aktivitetsgard leiger vi ut stallplass og har tilbod til born, unge og andre som har bruk for
meiningsfulle aktivitetar i kvardagen.
På garden har vi hestar, ponniar, geiter og andre dyr. Har du lyst til å helse på oss og dyra våre? Sjå om våre tilbod kan vere noko for deg!
Stallplass
Vi samarbeider om fôring, ut- og innslepp.
Du steller sjølv din eigen hest, eller du kan tinge fullpensjon inkludert stell.
Gardsfritidsordning (GFO)
Born frå 1.-4. klasse kan vere hos oss torsdagar etter skuletid frå kl. 1430-1630.
Vi et eit lite måltid saman, steller med dyra og finn på kjekke aktivitetar i lag.
Vi tilbyr henteordning ved skulen.
Bursdagsfeiring
Har du ønskje om ei annleis bursdagsfeiring?
Vi dekkar langbord i stallen, ungane får kose og stelle med dyra og vi grillar pølser på bålpanna.
Det er sjølvsagt høve til å ta med eigen mat.
Ferietilbod
I nokre feriar har vi tilbod om aktivitetsdagar for born i alle aldrar. Slike aktivitetsdagar vil bli arrangert enkelte dagar i haust-, vinter-, påske- og sommarferiar.
Vi annonserer tilbodet i feriane det er aktuelt.
Større grupper

Vi har blant anna hatt besøk av Klenkarberget sommarcamp og Barnas Fjordhestlag, der born i alle aldrar har vore med på aktivitetar på garden og hatt det kjekt i lag med dyra våre.
Er du i beit? Leig ei geit!

Har du busker og kratt du gjerne skulle fått rydda?
Leig geiteflokken vår i nokre veker, så ryddar dei for deg!
Avl av fjordhest
Sommarbeite
Avl av fjordhest
Vi har avlshoppe og unghestar. Vi ønskjer fleire fjordhestar med tida, og er du heldig har vi føl på garden når du tek ein tur til oss.
Sommarbeite
Om oss
Stall Løken – Stall og aktivitetsgard ligg på Løkja i Stad kommune. Garden heitte frå gamalt av «Stykkje».
Finn fram
Skal du besøke oss, er det enkelt å finne fram. Du finn avkøyrsla med skilt «Løken» langs RV 15, seks kilometer vest for Nordfjordeid sentrum.
Når du har teke av frå riksvegen følgjer du Løkjavegen i ein kilometer. På høgre hand finn du postkassestativ med namnet «Løken Aktivitetsgard».
Velkomen til oss!

Meir INFORMASJON?
Noko du lurer på, eller vil du ha tilbod på aktivitetane våre? Vil du melde born på gardsfritidsordning?
Send inn kontaktskjemaet nedanfor.





Sjekk Facebooksida vår: