Gardsfritidsordning
(GFO)

Gardsfritidsordning
(GFO)

Born frå 1.-4. klasse kan vere hos oss torsdagar etter skuletid frå kl. 1430-1645. Vi et eit lite måltid saman, steller med dyra og finn på kjekke aktivitetar i lag. Vi tilbyr henteordning ved skulen. 

Tilbodet er tilpassa tre til fire born som vi ved avtale hentar når skulen er slutt for dagen. Det er mest praktisk om borna er frå same skule den aktuelle torsdagen, så vi forsøker å sortere påmeldingane etter dette. Prisen er kr 300 pr gong. Ved ønskje er det mogeleg å få plass to torsdagar på rad. Foreldre/føresette hentar ungane på garden kl 1645. 

Interessert? Send inn kontaktskjema  (nedst på framsida) med følgjande informasjon:

* Namn på barnet, alder og klassetrinn
* Kva skule han/ho går på

Du vil få ein e-post tilbake med informasjon om kva torsdag(ar) som høver. Dei som ikkje får plass med ein gong, kan få stå på venteliste om dei ønskjer det.